Leicester-manager frisk etter å ha vorte koronasmitta

Leicester-manager Brendan Rodgers vart koronasmitta i midten av mars, men er frisk no.
sport

Det seier manageren i eit intervju med Sky Sports.

– Kona mi og eg fekk det like etter at sesongen vart sett på vent. Eg sleit med luktesansen og hadde ingen smak. Eg hadde ingen styrke og klarte så vidt å gå. Eg følte meg rett og slett veldig svak, seier Rodgers.

Han legg til at både han og kona no er friske.

Premier League startar opp igjen 17. juni. Leicester er nummer tre med 53 poeng.

(©NPK)