Sjakk: Nakamura slo kraftig tilbake og utlikna etter den andre semifinalen

Hikaru Nakamura var i fyr og flamme fredag. Han utlikna til 1–1 i kampar i Rapid Challenge-semifinalen etter å ha vunne 2,5-1,5 over Magnus Carlsen.
sport

Magnus Carlsen hadde ingen problem med å overvinne Hikaru Nakamura i den første semifinalen i Rapid Challenge torsdag med overbevisande 3–0. Det betydde at han kunne innkassere finaleplass fredag.

Det klarte han ikkje. Nakamura vann det første partiet, som til slutt vart avgjerande i den andre semifinalen.

Carlsen var skuffa og frustrert etter partia på fredag.

– Det var ein grufull dag med sjakk. Det einaste positive er at eg har ein sjanse til, sa Magnus Carlsen til TV 2 etter tapet.

– Eg hadde ein heilt absurd dårleg dag i dag. Eg må skjerpe meg til laurdag. Det er synd eg ikkje fekk høve til å spele noko bra i det heile, heldt han oppgitt fram.

2,5-1,5 til Nakamura betyr ein tredje og avgjerande semifinale laurdag.

Vann første parti

Nakamura vann det første partiet i kvite brikker etter 33 trekk. Då gav Carlsen opp. Det skjedde etter at Carlsen lenge låg an til å vinne, før han rota det til med få minutt igjen på klokka.

– Han spelte rimeleg dårleg i opninga. Eg trudde eg kom til å vinne ganske fort, men så var det eg som tapte i staden, sa Carlsen om det første partiet.

Det andre partiet enda med remis, etter at det var igjen konge mot konge etter 72 trekk. Carlsen rista fleire gonger på hovudet og var særs oppgitt etter at han ikkje klarte å vinne partiet, noko han lenge såg ut til å gjere.

Parti nummer tre var over etter berre 33 trekk. Då vart spelarane samde om remis etter eit parti der svært lite skjedde.

Sikra sigeren

I det fjerde partiet måtte Nakamura berre ha remis. Det klarte han òg. Etter at Nakamura og Carlsen hadde stanga og stanga over 44 trekk, vart dei samde om remis.

Det betydde 2,5-1,5 i favør Nakamura og ein tredje og avgjerande semifinale laurdag.

I den andre semifinalen tok Daniil Dubov seg til finalen etter siger over Ding Liren.

10 millionar kroner

Rapid Challenge inngår i Magnus Carlsen Chess Tour, som har total premiesum på vel 10 millionar kroner. Det er den andre turneringa i Carlsens Chess Tour.

29-åringen frå Lommedalen vann den første turneringa, Magnus Carlsen Invitational, og fekk med seg førstepremien på 735.000 kroner.

(©NPK)