Stadfesta: La Liga-start 11. juni med derby

Det spanske idrettsdepartementet stadfesta fredag ettermiddag at La Liga startar opp igjen 11. juni med oppgjeret mellom Sevilla og Betis.
sport

Det er det spanske fotballforbundet, idrettsdepartementet og La Liga som har komme til semje om at den første kampen skal spelast 11. juni. Det blir derbyet mellom Sevilla og Betis.

Mellom fredag 12. juni og måndag 15. juni blir dei andre kampane i runde 28 spelte. Det inkluderer mellom anna Real Madrid-Eibar, Real Mallorca-Barcelona og Real Sociedad-Osasuna.

Alle oppgjera vil bli spelt for tomme tribunar.

Elleve serierundar står att å avvikle for Martin Ødegaard og resten av dei La Liga-spelarane. Barcelona ligg to poeng føre Real Madrid, medan Real Sociedad er nummer fire.

Målet er å vere ferdig med sesongen 19. juli.

(©NPK)