Tidlegare Odd- og Sogndal-spiss klar for Aalesund

22 år gamle Sigurd Haugen er klar for Aalesund. Han kjem frå den belgiske klubben Union Saint-Gilloise.
sport

På belgisk nivå to vart det sist sesong 21 kampar og tre mål for spissen som no er klar for tangotrøyene frå Møre og Romsdal.

Han har 18 eliteseriekampar under beltet. Dei kom med Odd i 2016 og 2017. Spissen spelte 2018- og halve 2019-sesongen for Sogndal, der han scora mange mål. Det vart 28 mål på 44 kampar for laget frå saftbygda i Obosligaen, før han vart kjøpt av belgiske Saint-Gilloise sist sommar.

No skal han spele dei neste fire sesongane for AaFK.

– Dette er veldig spennande sjølvsagt. Eg har gledd meg ei stund, og ser no fram mot seriestart og er veldig trigga og klar, seier han.

– Han er ung, han er norsk og han skal opp og fram. Det liker vi, seier hovudtrenar Lars Bohinen.

1997-modellen har sju aldersbestemte landskampar.

(©NPK)