Wolfsburg sparka i gang Bundesligaen for kvinnene med 4–0

Kristine Minde spelte 20 minutt og Ingrid Syrstad Engen 10 då Wolfsburg tok eit nytt steg mot tysk seriegull med 4–0 over Köln i comebacken i kvinnefotballen.
sport

Bundesliga var første kvinneserie som starta opp igjen etter viruspausen. Både i Frankrike, Spania og England er sesongen for kvinnene avbrote for godt, men i Tyskland er det lagt til rette for at kvinnene får fullføre sesongen ved hjelp av same smittevernprotokoll som gjeld for mennene.

Det kostar pengar, men Tysklands fotballforbund (DFB) har lagt seg i selen for at kvinneserien skal fullførast.

– Dette er eit ganske sterkt signal og eit teikn på heider. Vi kan vere svært takksame for at vi har fått denne sjansen til å spele igjen, seier Wolfsburg-trenar Stephan Lerch til nettstaden til klubben.

Tysk Bundesliga for menn har eventyrlege TV-tal etter gjenstarten sin, og det er stor interesse òg for kvinneserien. Ifølgje DFB vart kampen på fredag TV-overført i 16 land.

Pernille Harder (2), Svenja Huth og Alexandra Popp skåra måla.

Klar leiing

Wolfsburg hadde åtte poengs luke til serietoar Bayern München då kvinneserien vart stoppa i byrjinga av mars. Det er seks serierundar igjen. I tillegg er laget i kvartfinale i cupen og må spele ni kampar i tida til 4. juli om det skal bli dobbelttriumf.

Første steg vart ganske smertefritt.

Etter ein dryg halvtime fekk Wolfsburg straffespark då Huth vart felt av Meike Messmer. Den danske stjernespissen Harder finta ut målvakt og trilla ballen laust i mål ved stolpen.

Sekund før pausefløyta storma Fridolina Rolfö fram på venstresida og la inn til Huth, som stanga inn 2–0. Svenske Rolfö hadde målgivande pasning òg då Popp nikka inn 3–0 i det 65. minuttet.

Utvist

Köln måtte avslutte i undertal etter at Amber Barrett kvarteret før slutt fekk direkte raudt kort for ei felling av Pia-Sophie Wolter, og Harder fastsette resultatet med eit fint skot frå 17 meter i det 78. minuttet. Rett etter vart ho bytt ut med Engen.

Wolfsburgs norske duo starta på benken, men kom inn då laget gjorde sine fem byte i 2. omgang.

Köln kjempar for å berge plassen og held fram på nedrykksplass med berre Jena bak seg. Det er allereie klart at Werder Bremen og Meppen rykker opp, sidan 2. Bundesliga kvinner ikkje blir spelte ferdig.

(©NPK)