Ingen nye smittetilfelle i Premier League

Det var ingen positive prøver då Premier spelarane og støtteapparata til laga vart testa for koronaviruset for fjerde gong.
sport

Testrunden er den første etter at det igjen vart tillate med trening med full kontakt for klubbane.

Testane utførte torsdag og fredag. Kvar klubb kunne teste 60 personar, og det vart utført til saman 1.130 testar.

I dei tidlegare testrundane har til saman tolv prøvr vore positive. Spelarar og støtteapparat i ligaen blir testa to gonger i veka.

Premier League startar opp igjen 17. juni. Laurdag gav britiske styresmakter tommel opp for nasjonal idrett bak lukka dører frå 1. juni.

Samtidig opplyser English Football League (EFL) at ti personar knytte til klubbar i meisterskapsserien har testa positivt i den siste testrunden. I League Two er det sju positive testar, medan det førebels ikkje blir testa spelarar og støtteapparat i League One.

(©NPK)