NRK og TV 2 deler på skirettar i Noreg

NRK og TV 2 deler alle verdscuprenn på ski i Noreg mellom seg i fem år frå 2021. Dermed blir noko av skisporten verande open for alle.
sport

– Eg er særs godt nøgd. Det er ein veldig viktig avtale, seier NRK-sjef Thor Gjermund Eriksen.

Skiforbundet har selt rettane til alle skirenn som blir arrangerte i Noreg, til NRK fram til 2026. NRK og TV 2 er i sin tur samde om å dele på å sende verdscuprenn som blir arrangerte her til lands.

Dei tre partane møttest berre eit svev unna Holmenkollbakken onsdag for å skrive under på avtalen.

Det tyder at norske TV-sjåarar får gratis tilgang til alle verdscuprenn på ski som blir arrangerte i Noreg, og dessutan norske meisterskapar og andre nasjonale konkurransar. I dag blir det arrangert verdscupkonkurransar i alpint, hopp, kombinert, langrenn og telemark i Noreg.

– NRK kjem til å halde på plassen som den viktigaste formidlaren av norsk og internasjonal vintersport, slår Eriksen fast.

Tapte for NENT Group

I april 2019 sikra NENT Group seg rettane til å vise verdscup og ski-VM frå 2021/22-sesongen. Dette var rettar Det internasjonale skiforbundet (FIS) hadde kontroll på. NRK strekte seg lenger enn nokon gong, men måtte gi tapt i bodkrigen.

Men at avtalen som no er inngått, er eit plaster på såret, avviser Eriksen.

– Nei, det er det absolutt ikkje. Vi sa den gongen då NENT fekk FIS-avtalen, at vi framleis har store ambisjonar om å byggje eit godt vintertilbod og halde på posisjonen som den viktigaste formidlaren av norsk vintersport. Og det gjer vi no, seier kringkastingssjefen, samtidig som han kjem med nyheita om at kanalen òg har kjøpt rettane til Ski Classics.

Også president Erik Røste i Skiforbundet jublar.

– Avtalen sikrar at norske skirenn blir viste hjå allmennkringkastarane, ein TV-produksjon i verdsklasse gjennom det NRK skal levere, og brei og god distribusjon til utlandet. Og det er viktig for både posisjonen vår og omdømmet vårt som verdscuparrangør, seier Røste.

Fordeler før sesongstart

NRK samarbeider med TV 2 om fleire TV-rettar, og partane er samde om at dei to kanalane vil fordele verdscupkonkurransane mellom seg.

Fordelinga skal skje i god tid før sesongstart kvart år. NRK har i tillegg rettane til alle andre nasjonale renn, som sesongopninga og NM i ulike disiplinar, skriv skiforbundet i ei pressemelding.

– Sola skin i dag, og det er det ein grunn til. Vi er særs, særs glade for å kunne jobbe saman med NRK med formidlinga av skisporten i Noreg. Det ser vi fram til. Vi har eit kjempebra samarbeid med NRK frå fotball-EM og -VM, og det skal vi byggje vidare på, seier administrerande direktør og sjefredaktør Olav T. Sandnes i TV 2.


(©NPK)