«Henke» Larsson om tapet av broren: – Å snakke om mental helse er ikkje noko å skamme seg over

Den svensken fotballegenda Henrik Larsson opnar opp om dei mentale utfordringane sine.
sport

Broren Robert Larsson døydde av ein overdose i 2009. Han vart 35 år gamal.

– Då eg budde i Skottland, hadde eg ein bror som gjekk på dop. Det å skulle prestere veke inn og veke ut var ikkje lett når eg visste det eg visste, seier Larsson i eit intervju gitt att av Sky Sports.

Han understrekar kor viktig det er å snakke høgt om eiga psykisk helse.

– Etter at broren min døydde, hadde eg ein lang periode der eg ikkje kjende meg bra. Eg hadde så mange spørsmål, seier Larsson.

Kona bad han oppsøkje hjelp for å snakke om tankane. Det er han sjeleglad for i dag.

– Eg følte meg så mykje betre etter det. Det er viktig og bra at folk snakkar om mental helse i desse tidene. Det er ikkje noko å skamme seg over, seier svensken.

(©NPK)