Achraf Hakimi klar for Inter

Real Madrids høgreback Achraf Hakimi har signert for Inter Milan. 21-åringen var på lån i Erling Braut Haalands Borussia Dortmund denne sesongen.
sport

Inter stadfestar sjølv overgangen på nettsida. Den spansk-marokkanske backen har signert ein femårskontrakt.

Hakimi fekk det store gjennombrotet sitt på lån i Erling Braut Haalands Borussia Dortmund. Med fem mål og ti målgivande pasningar på 33 kampar forventa nok dei fleste at Hakimi skulle returnere til Real Madrid for å ta opp kampen om høgrebackposisjonen, men slik vart det altså ikkje.

Hakimi enda på 17 kampar og to mål for Real Madrid.


(©NPK)