Edvald Boasson Hagen deltek i virtuelt Tour de France

Tour de France er utsette grunna koronaviruset. Likevel kan ein sjå sykkelstjernene konkurrere i juli, men i ein virtuell versjon av rittet.
sport

I samarbeid med Zwift sørgjer Amaury sportsorganisasjon (ASO) for at Tour de France framleis blir å sjå på sommarstid. Laurdag byrjar nemleg ein virtuell versjon av den gjæve sykkelkonkurransen.

Chris Froome, Marianne Vos, Geraint Thomas og Anna Van der Breggen er berre nokon av dei store profilane i sykkelverda som skal delta i det virtuelle rittet, som vil vare i seks timar over tre helgar i juli.

Edvald Boasson Hagen skal vere med og representere laget sitt, NTT, for å kjempe om den virtuelle vinnartrøya, ifølgje laget sjølv.

Det vil både arrangerast ritt for kvinner og menn, med 16 kvinnelag og 23 herrelag påmelde til konkurransen. Vegane i det virtuelle rittet skal etterlikne landevegar i Frankrike.

Konkurransen blir send på TV i over 130 land, der ein kan sjå favorittryttarane sine kjempe om siger, ikkje på sykkelen, men frå si eiga stove.

Det faktiske rittet byrjar i Nice 29. august og varer til 20. september.

(©NPK)