LSK-siger i sesongopninga utan å imponere, Ranheim og Tromsø vann òg

Lillestrøm gjorde jobben borte mot Grorud i første serierunde, men imponerte ikkje i hovudstaden. Samtidig vann både Tromsø og Ranheim oppgjera sine.
sport

Dermed fekk alle dei tre laga som rykte ned frå Eliteserien i 2019 ein pangstart på 2020-sesongen i førstedivisjon.

I Groruddalen yppa nyopprykte Grorud seg mot stormakta Lillestrøm, og var ved fleire høve nære på å ta leiinga. Likevel var det dei svartkledde gjestane frå Lillestrøm som stakk av med alle tre poenga. Den einaste skåringa i kampen vart kriga inn av Fredrik Krogstad etter 66 minutt.

Også i Tromsø vart det berre skåra eitt mål. Lasse Nilsen sette inn 1–0 for heimelaget etter halvtimen med ein lobb etter at Raufoss-målvakt Ole Kristian Lauvli klarerte ballen rett i beina på Nilsen. Fleire mål vart det ikkje på Alfheim.

I lokaloppgjeret mellom Stjørdals-Blink og Ranheim vart det fleire mål. Fjorårets eliteserielag leidde 1–0 til pause, før heimelaget utlikna like etter pause. Så skåra Ranheim to kjappe, før Stjørdals-Blink igjen reduserte til 2–3. Det vart òg sluttresultatet.

Det var likevel ikkje den mest målrike kampen i runden. Den kom i Sandnes, der Sandnes Ulf slo Øygarden 4–3 etter eit sjølvmål av Øygarden-spelar Andreas van der Spa fire minutt før slutt. Det vart 4–3 til heimelaget.

Ull/Kisa knuste Strømmen 4-0, medan også Sogndal viste musklar med 4-1-sigeren sin over Åsane. KFUM låg under 0–1 for Jerv, men snudde og vann 2–1.


(©NPK)