Real Madrid-trenar Zidane ber Messi om å bli i Barcelona

Lionel Messi har ikkje fornya kontrakten sin med Barcelona, som går ut neste sesong. Real Madrid-trenar Zinédine Zidane vil ha stjernespelaren i ligaen.
sport

Usemjer med styret og skuldingar for sparkinga av tidlegare Barcelona-trenar Ernesto Valverdo, har resultert i ein lei Messi. Ballon d'Or-vinnaren sa i februar at han ikkje trur Barcelona kan vinne Meisterligaen i den forma laget er i.

No blir det spekulert i om 33-åringen dreg frå Barcelona etter at kontrakten går ut i 2021, noko trenaren til erkerivalen håpar han ikkje gjer.

– Eg veit ikkje kva som vil skje, men vi håpar ikkje (at han dreg) fordi han er i ligaen, og vi vil ha dei beste i ligaen, svara Real Madrid-trenar Zinédine Zidane på spørsmål om moglegheita for at Messi dreg.

Presidentvalet i Barcelona er sett til 2021. Då må sitjande president Josep Maria Bartomeu gå av. Victor Font er ein av dei som vil stille til val og ønskjer å utnemne Messis tidlegare lagkameraet Xavi Hernandez som hovudtrenar.

Barcelona ligg på andreplass i ligaen, fire poeng bak Real Madrid, når fem rundar står att.


(©NPK)