Sané stadfesta klar for Bayern München

Manchester City-spelar Leroy Sané har signert for Bayern München. Han har vore rykta til den tyske storklubben ei god stund.
sport

Tysdag melde både Sky Sports og BBC at den tidlegare City-spelaren visstnok skulle ha skrive under ein avtale på fem år.

Fredag vart overgangen, som venta, fullført. Sané forlèt dermed Manchester City etter fire år i klubben. Overgangssummen ryktast å vere litt over 650 millionar kroner.

– Han kjem til å få eit nytt kapittel hos ein fantastisk klubb i Bayern München. Han ønskte å dra. Alle har sitt eige liv, og han bestemde seg for å dra vidare, sa City-manager Pep Guardiola på ein pressekonferanse før kampen på torsdag mot Liverpool.

City-manageren varsla førre veke at den lynraske vingen ønskte seg vekk frå Manchester, og at han nekta å skrive under ny kontrakt. Sanés avtale går ut neste sommar.

Tyskaren har vore skadd i nesten heile inneverande Premier League-sesong, men var delaktig i at Manchester City kunne løfte heile tre engelske trofé i fjor.

– Eg ville ha elska det om han vart att, men han trur at han blir betre og lykkelegare der, sa City-manageren.

(©NPK)