Fotball-NM kan gå utan oskeladdane

Norges Fotballforbund vurderer å starte opp 2020-utgåva av cupen så seint som i oktober. Breiddefotballen kan bli ekskludert frå å delta.
sport

Det har herska stor tvil rundt om og korleis årets utgåve av cupen skal gjennomførast. No lettar konkurransedirektør i NFF Nils Fisketjønn litt på sløret om moglege løysingar.

– Vi har sett på ei mogleg løysing med å starte i runde tre med 32 lag, seier Fisketjønn til Stavanger Aftenblad.

32 lag vil bety at klubbar under førstedivisjon truleg kan gløyme noko cupeventyr i år.

– Vi har allereie redusert talet på kampar for laga i Postnord-ligaen (2. divisjon), så eg kan vanskeleg sjå for meg at vi skal leggje på fleire kampar der, seier Fisketjønn.

Tidlegaste oppstart for cupen vil i så fall bli i oktober. Det inneber vidare ein forskyving av cupfinalen som eigentleg skulle bli spelt 25. oktober.

Fisketjønn understrekar likevel at ikkje noko er sikkert heilt enno, og at det kjem ei avgjerd i august.

(©NPK)