NFF-topp får 150.000 kroner i oppreising etter «Josimar-saka»

Etter press frå fleire hald avslører Norges Fotballforbund at dei betalte Erik Loe 150.000 kroner etter at han vart krenkt av generalsekretær Pål Bjerketvedt.
sport

Det får VG stadfesta av fotballforbundet tysdag.

– Det har vore såpass stor merksemd rundt dette at vi gjer eit unntak frå prinsippa om at vi ikkje går ut med opplysningar om personalsaker, seier NFF-president Terje Svendsen til avisa.

For éin månad sidan bles fotballtidsskriftet Josimar NFFs generalsekretær Pål Bjerketvedt som kjelde i samband med ei klagesak til Pressens faglige utvalg (PFU).

Ifølgje Josimar skal Bjerketvedt ha fortalt at Erik Loes handtering av ei sponsorsak var årsaka til at Loe ikkje lenger er kommersiell direktør i fotballforbundet. Loe er i dag seniorrådgivar i NFFs kommersielle avdeling.

Førre veke vart det klart at Loe ville få oppreisning, men NFF ville ikkje stadfeste eller kommentere beløpet. Etter press frå mellom anna fleire politikarar stadfestar no NFF at summen på oppreisninga er på 150.000 kroner.


(©NPK)