Spansk målvaktlegende legg opp

To EM-gull. Eit VM-gull. Fem La Liga-titlar, tre meisterligasigrar. Tysdag annonserte Iker Casillas at han legg opp.
sport

Ein av tidenes beste fotballmålvakter skreiv til sine ni millionar følgjarar på Twitter tysdag formiddag at han er ferdig som profesjonell fotballspelar.

– Dagen i dag er både ein av dei viktigaste og vanskelegaste dagane i livet mitt. Det er tid for å seie farvel, skriv han på Twitter.

Casillas fekk eit hjarteinfarkt på ei Porto-trening i mai 2019 og var ikkje på banen sist sesong for den portugisiske storklubben. Likevel vann han to titlar med klubben.

39-åringen er uansett mest kjend for sine 16 særs suksessrike år i Real Madrid frå 1999 til 2015. Med hovudstadsklubben vart det 725 kampar og fem La Liga-titlar, tre meisterligasigrar og to supercupsigrar, for å nemne noko, for den mangeårige Real Madrid-kapteinen.

Han er òg den spelaren med flest meisterligakampar gjennom tidene med 177. Den rekorden kan bli sletta av Cristiano Ronaldo, som har spelt 169.

For det spanske landslaget spelte han 167 kampar frå han debuterte i 2000 til han spelte den siste kampen sin i 2016. Han var tonegivande då landet vann EM i både 2008 og 2012, og dessutan VM i 2010. Også på landslaget var han i ei årrekkje kaptein.


(©NPK)