Vukicevic sette norsk rekord i Ungarn

Vladimir Vukicevic sette norsk rekord på 110 meter hekk då han sprang inn til 13,53 i Istvan Gyulai minnestemne i Ungarn onsdag.
sport

Det var medvind godt innanfor det tillatne (0,9 m/s) då Vukicevic sprang inn til tredjeplass i B-heatet i kontinentaltourstevnet i Szekesfehervar.

– Det er ein draum som går i oppfylling. Eg kan nesten ikkje skjønne det, så eg er berre så utruleg glad no. Eg er så takksam for all hjelpa eg har fått frå støttespelarane mine, det har vore heilt fantastisk, seier Vukicevic på Instagram-profilen sin, ifølgje nettstaden til Norges Friidrettsforbund.

Han forbetra sin eigen fire år gamle rekord med eitt hundredels sekund. Han var 11 hundredelar bak heatvinnar Jason Joseph.

– Eg trur ikkje det har gått opp for meg at eg har sett norsk rekord. Dette er verkeleg ein stor dag for meg, skreiv Vukicevic.

Eivind Henriksen vart nummer fem i sleggje i det same stemnet med 73,50 i det beste kastet sitt. Wojciech Nowicki vann med 78,07.

(©NPK)