Norges Fotballforbund avlyser sesongen for breiddefotballen

Det blir ingen 2020-sesong for breiddefotballen. Som følgje av virussituasjonen har Norges Fotballforbund vedteke å setje sluttstrek.
sport

– Dette er ein trist dag for forbundsstyret, 18 fotballkrinsar og ikkje minst alle klubbar og spelarar som er ramma og har hatt eit håp om seriespel i 2020, seier fotballpresident Terje Svendsen i ei pressemelding.

– Norsk fotball har teke smittevern på alvor frå dag éin og utvikla gode smittevernprotokollar for alle nivå i norsk fotball. Vi har lykkast med mykje og fått opna opp for seriekampar i både toppfotballen og barne- og ungdomsfotballen. Gjennom dette har klubbane fått god erfaring med smittevern, og det er få eller ingen smittetilfelle som kan sporast tilbake til fotballaktivitet.

Han seier at ein for attverande seriar i senior breiddefotball sette opp avdelingar med få lag og korte reiseavstandar.

– Når regjeringa trass i dette likevel ikkje har opna opp for normal kontakttrening igjen no, så har vi ikkje noko anna val enn å avlyse sesongen. Det er rett og slett ikkje lenger praktisk mogleg å gjennomføre sesongen over heile landet, seier Svendsen.

Det betyr konkret at Norges Fotballforbund kansellerer sesongen for 2. divisjon kvinner (nivå tre) og 3. divisjon menn (nivå fire). Det er dei 18 krinsane til forbundet som organiserer annan breiddefotball for vaksne, men med avgjerda i forbundsstyret er det ein naturleg konsekvens at også krinsane kansellerer seriane sine for vaksne.

NFF har vore tydeleg på at dersom ein ikkje kom i gang med treningar innan midten av september, måtte sesongen avlysast. No er avgjerda fatta.

(©NPK)