Ruud må tilpasse seg nye Roland Garros-avgrensingar

Det blir lov med maksimalt 1000 tilskodarar per dag når Roland Garros-turneringa i tennis startar søndag.
sport

Den franske regjeringa sette fredag ned foten for forslaget om 5000 daglege tilskodarar.

– Dette er eit tøft slag i trynet for oss, seier turneringssjefen Guy Forget.

Roland Garros-turneringa i år skulle normalt ha vore arrangert for fire månader sidan, men det sette koronapandemien ein stoppar for.

Oppblussinga av smittetilfelle i dei siste vekene gjer at tilskodarkapasiteten blir redusert. Regjeringa krev at det blir innført strengare restriksjonar, og den franske statsministeren seier at Roland Garros-arrangøren må følgje det same reglementet som resten av idrettsarrangørane i «raude soner» landet over.

– Vi må ta kravet regjeringa har til følgje. Spelarane er på plass, og vi er klare til å komme i gang, sa Forget.

I fjor var det 520.000 tilskodarar innom turneringa i Paris. I år vil det samla talet tilskodartalet vere tre prosent av fjorårstalet.

Casper Ruud skal opp mot japanske Yuichi Sugita i 1. runde av turneringa. Det er ikkje kjent når kampen blir spelt enno.

(©NPK)