Tottenham fekk walkover i ligacupen etter virusavlyst kamp

Tottenham er tilkjent sigeren i 3. rundekampen i ligacupen mot Leyton Orient. Kampen lét seg ikkje spele som følgje av fleire positive virustestar.
sport

Oppgjeret skulle vore spelt tysdag denne veka, men virussmitte hos fleire Leyton Orient-spelarar sette ein stoppar for det.

Fredag opplyser Den engelske ligaen, som organiserer ligacupen, at Tottenham blir gitt walkover til 4. runde etter at Leyton Orient ikkje var i stand til å gjennomføre den aktuelle kampen.

Avgjerda skal vere teken i tråd med reglementet som finst for turneringa.

Leyton Orient, som held til på fjerde nivå i engelsk fotball, opplyste måndag at fleire spelarar hadde gitt frå seg virustestar med positivt resultat. Kor mange det var snakk om vart ikkje kjent.

Stadionanlegget og treningsfasilitetane til klubben vart umiddelbart stengde inntil vidare.

Dei positive testane skal spelarane ha gitt frå seg etter kampen mot Mansfield sist helg. Dei som er virussmitta er plasserte i heimeisolasjon i tråd med smittevernreglane som er utarbeidde for fotballen og samfunnet.

(©NPK)