Tour de France-stjerner blir henta til britisk storlag

Den australske sykkelstjerna Richie Porte og den klatresterke colombianaren Daniel Martínez har signert kontraktar med Team Ineos før 2021-sesongen.
sport

Det opplyser det britiske storlaget i ei pressemelding fredag.

Klare for laget er òg belgiaren Laurens De Plus og den framstormande 21-åringen Tom Pidcock. Frå før er det kjent at den sterke briten Adam Yates kjem inn i Ineos-stallen før neste sesong.

Richie Porte har vore ein av dei fremste samanlagtryttarane i sykkelsporten i ei årrekkje. Nyleg vart han tredjemann i Tour de France.

– Den velfortente pallplasseringa til Richie i Tour de France viste igjen at han er ein av dei beste ryttarane i feltet, seier Ineos-sjef Dave Brailsford.

Porte har dei siste sesongane sykla for Trek, men frå 2012 til 2015 var han del av Ineos-forgjengaren Team Sky.

Daniel Martínez imponerte då han vann den tøffe klatreetappen med målgang i Puy Mary i Tour de France i år. No forlèt han EF Education til fordel for Ineos.

(©NPK)