Carlsens motstandar i VM blir først klar til våren: Kandidatturneringa utsett igjen

Magnus Carlsen må vente endå lenger på å få vite kven som blir utfordraren hans i VM i klassisk sjakk. Kandidatturneringa er flytta til våren 2021.
sport

Det internasjonale Sjakkforbundet (Fide) har sett seg nøydd til å gjere grepet på grunn av koronapandemien. Opphavleg skulle turneringa ha vore fullført i mars, men vart stoppa etter sju spelte rundar.

Planen var å starte opp igjen frå 1. november i russiske Jekaterinburg, men slik blir det ikkje.

Fide skriv på nettsidene sine at det blir vanskeleg å gjennomføre kandidatturneringa før nyttår. Omsynet til smittevern og helsa til spelarane ligg bak avgjerda om å utsetje på nytt.

Den kinesiske stormeisteren Wang Hao trua nyleg med å trekke seg viss konkurransen ikkje vart utsett eller flytta bort frå Russland.

Maxime Vachier-Lagrave og Jan Nepomnjasjtsjij er i delt leiing etter halvspelt kandidatturnering. Vinnaren skal møte Magnus Carlsen til VM-kamp.

Carlsen har vunne verdsmeisterskapen i klassisk sjakk fire gonger (2013, 2014, 2016 og 2018).

Torsdag vart VM i hurtig- og lynsjakk òg utsett til våren 2021. Også der er Carlsen regjerande meister med dei to titlane sine frå romjula i fjor.

(©NPK)