NFF-Klaveness etter auka landslagssmitte: – Var riktig å bli heime

Elitedirektør Lise Klaveness erkjenner at Norges Fotballforbund må ta sjølvkritikk for handteringa av førre vekes landslagskaos.
sport

Fredag vart det stadfesta fire nye smittetilfelle i det norske herrelandslaget i fotball. Det skjedde ei veke etter at visekaptein Omar Elabdellaouis positive test vart kjend og sende heile laget i karantene.

Situasjonen førte til at bortekampen mot Romania vart avlyst. Noreg lét vere å dra etter sterke tilrådingar frå styresmaktene. Før avgjerda argumenterte NFF sterkt for å reise. Det har sidan gitt forbundet mykje kritikk, og no innrømmer Klaveness at dei kom dårleg frå det.

– Det var riktig å bli heime, sa ho på direkten i Dagsrevyen på NRK fredag kveld.

– Vi må ta sjølvkritikk. Vi gjer ikkje dette for å vere ein bøllete storebror, men vi brenn for å drive fotballen i ein pandemi. Når vi bommar, så bommar vi, la ho til.

Vart feil

Tidlegare på dagen sa elitedirektøren at NFF og Det europeiske fotballforbundet (Uefa) må ta innover seg at det vart for krevjande å avvikle så mange landskampar i ei tid med aukande smitte i samfunnet.

Overfor TV 2 erkjenner ho at det ikkje var bra at det vart spelt internasjonale kampar den siste veka.

– Alt i alt er vi nok der at det vart feil at det vart halde landskampar i dette vindauget.

Til VG seier Klaveness at NFF på førehand ikkje nemnde for Uefa at det var feil å gjennomføre landskampane.

– Nei, men vi vil no ta eit initiativ til å møte Uefa for å gjennomgå heile protokollen gitt smitteutviklinga i siste tid. Uefa-protokollen er laga for å fange opp og kontrollere smitte for å avgrense smitte i troppane, men viktigast hindre at smitten ikkje går ut igjen til samfunnet. Dette har ein fått særs godt til i Europa fram til no. Men protokollen bør justerast i lys av utviklinga i siste tid for å skjerme spelarar og støtteapparat endå betre, seier Klaveness.

– Urettferdig for Noreg

Norges Fotballforbund stadfestar i ei pressemelding fredag ettermiddag at dei tek initiativ til eit møte med Uefa. Forbundet konkluderer med at den nemnde protokollen er sårbar.

– For oss fekk det store sportslege konsekvensar at vi braut Uefa-forpliktingane og ikkje fekk spelt kampen mot Romania. Vi vart sette i eit dilemma då vi som ein del av eit europeisk fellesskap ikkje stilte til kamp. Det oppstod alvorlege og utilsikta sportslege konsekvensar som verkar særs urettferdig. Vi vil no ta opp reglane med Uefa og sjå om rammeverket kan strammast inn, seier generalsekretær Pål Bjerketvedt i NFF.

Han legg til at Uefa-protokollen bør justerast i lys av utviklinga i den siste tid for å skjerme spelarar og støtteapparat endå betre.

– Derfor ønskjer vi saman med Uefa å sjå på løysingar for å gjere den endå sikrare.

(©NPK)

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
sport