To av tre danskar vil avgrense muslimsk innvandring

64 prosent av danskane er einige i at Danmark bør avgrense innvandring av muslimar, ein auke på ti prosentpoeng frå 2015. 
utenriks

Spørsmålet om innvandring deler dei danske veljarane, skriv Berlingske. Regjeringa har gjennomført 50 innstrammingar i innvandringspolitikken, og talet på asylsøkjarar har falle vesentleg. Likevel meiner fleire at innvandring frå muslimske land må avgrensast.

I 2015 var talet på 54 prosent, viser undersøkinga som er utført at TNS Gallup.

Målinga viser også at fleire vil forby at kvinner kan dekke til håret sitt, og fleire vil krevje at innvandrarar omfamnar "danske verdiar".

Det vekte oppsikt då Danmarks utlendings- og integrasjonsminister Inger Støjberg tysdag valde å feire innstrammingane i innvandringspolitikken med blautkake. Kaka var pynta med talet 50, noko som skulle symbolisere at regjeringa så langt har fått vedtatt 50 innstrammingar i innvandrings- og asylpolitikken.

(©NPK)