Grønland går til val i april

Kim Kielsen, regjeringssjef på Grønland, kunngjorde måndag at det blir val i april. Forholdet til Danmark og fiskerinæringa blir viktige tema i valkampen.
utenriks

Når eit nytt Landsting er på plass, vil det blant anna bli utarbeidd ei ny fiskerilov, eit viktig tema på Grønland.

– Fisk er den einaste eksportvara Grønland har. Så det vil bli det same som om ein skulle endre forholda for Mærsk, Lego og Novo Nordisk på éin gong. Det er veldig viktig at dette skjer på ein rett måte, seier sjefredaktør Poul Krause i Sermitsiaq.

Grønland er framleis ein del av Danmark, men har omfattande indre sjølvstyre. Krause meiner forholdet til Danmark vil vere avgjerande for veljarane i valkampen.

– Det er tre posisjonar ein kan ta. Den som ønsker sjølvstende fortast mogleg, den som ønsker å få økonomien på plass før ein oppnår sjølvstende og den som ønsker eit vidare samarbeid, seier redaktøren.

Dette er også eit vanskeleg tema innanfor dei ulike partia.

Krause meiner valkampen i realiteten er ein kamp mellom dei to største partia, Siumut og Inuit Ataqatigiit. Dersom Siumut vinn, vil Kielsen mest sannsynleg bli sitjande, men om Inuit Ataqatigiit skulle vinne, vil truleg Sara Olsvig komme til makta.

(©NPK)