Terrorsikring skal gli inn i bybildet 

Byrådsleiar i Oslo Raymond Johansen (Ap) vil ha terrorsikring som ser ut som ein naturleg del av gatemiljøet. No prøver europeiske byar å lære av kvarandre. 
utenriks

– Det er jo ikkje vemodig vakkert. Men vi følgde tilrådinga frå politiet, seier Johansen til NTB.

Han snakkar om dei store betongrøyra med planter som er plassert i Karl Johans gate for å sikre mot terrorangrep. Dei skal ikkje bli ståande lenge, lovar byrådsleiaren.

– Vi kjem til å erstatte dei med blomster. Også det er mellombels, men det er penare, seier Johansen.

På sikt, forklarer han, er målet å få på plass eit heilt nytt gatemøblement.

Tryggleik ved design

NTB møter byrådsleiaren i Brussel, der han har deltatt på ein konferanse i EU-regi om terrorsikring saman med ordførarar frå byar over heile Europa.

Målet til EU er å skape ein arena der byane kan utveksle erfaringar og bli inspirerte av kvarandre.

EU-kommissær Dimitris Avramopoulos meiner «tryggleik ved design» bør vere eit nøkkelomgrep i arbeidet. Tryggingstenking må integrerast i planlegginga heilt frå botnen av, gjennom fysisk sikring av bygningar, betre planlegging av offentlege plassar og meir effektive sikkerheitstiltak under store arrangement.

– Mantraet bør vere at offentlege plassar skal bli tryggare, men at vi skal bevare deira opne natur, seier Avramopoulos.

Nytt gatemøblement

Målet til Oslo er å få på plass eit gatemøblement som glir naturleg inn i omgivnadane.

Det kan vere blomsterkasser, benker med betongelement, vassbasseng eller strategisk plasserte tre.

– Vi kjem også til å bruke innføringa av bilfritt byliv som ein integrert del av dette. Antall parkeringsplassar skal avgrensast, og vi skal ha eit bilfritt byliv der pene gatemøblar utgjør ein naturleg del av bybildet, seier Johansen.

Men byen må halde fram med å vere open, og naudetatane må ha moglegheit til å komme seg fram, understrekar han.

– Vi kan ikkje mure oss inne. Vi kan ikkje gjere Oslo om til eit fort, seier byrådsleiaren.

(©NPK)