EU-kommisjonen vil ha felles arbeidstilsyn 

EU-kommisjonen vil opprette eit felles arbeidstilsyn for å halde europeiske bedrifter i øyra. 
utenriks

Det var presidenten i EU-kommisjonen, Jean-Claude Juncker, som først foreslo eit slikt felleseuropeisk arbeidstilsyn da han talte om tilstanden i EU i fjor haust.

No følgjer EU-kommisjonen opp med eit formelt lovframlegg.

– Dette er avgjerande for å sikre ein velfungerande europeisk arbeidsmarknad, seier EUs arbeidskommissær Marianne Thyssen.

– Det vil hjelpe menneske og bedrifter som flyttar på seg, til å finne rett informasjon, og det vil styrkje samarbeidet mellom medlemslanda for å handheve rettferdige og effektive reglar, seier ho.

Fleire oppgåver

Det nye kontoret skal i første rekke assistere dei nasjonale arbeidstilsyna i saker der det er snakk om grensekryssande verksemder.

EU-tilsynet får fleire oppgåver:

* Det skal gi informasjon til arbeidarar og bedrifter om kva regler som gjeld når ein bur eller arbeider i eit anna EU-land enn heimlandet.

* Det skal hjelpe dei nasjonale arbeidstilsyna i arbeidet med å handheve reglane i saker som gjeld fleire land. EU-tilsynet skal mellom anna leggje til rette for felles inspeksjonar.

* Det skal kunne tre inn og mekle i grensekryssande konfliktar, til dømes viss eit selskap set i gang masseoppseiingar som rammar tilsette fleire stader i Europa.

EØS-relevant

EU-kommisjonen har sett stempelet «EØS-relevant» på framlegget. Det betyr at samarbeidet i utgangspunktet òg skal gjelde Noreg.

Bakteppet for initiativet er at det i dag er 17 millionar europearar som bur eller arbeider i eit anna EU-land enn heimlandet. Talet er nesten dobla på ti år, og EU-kommisjonen meiner det må gjerast meir for å sikre rettane deira.

Det blir no opp til medlemslanda i EU og EU-parlamentet å diskutere framlegget vidare. Kommisjonen håper at tilsynet kan opne dørene allereie i 2019 og vere i full drift innan 2023.

Planen er at tilsynet på det tidspunktet skal ha rundt 140 tilsette og eit årleg budsjett på rundt 50 millionar euro, tilsvarande 478 millionar kroner.

(©NPK)