Søreide: Ser fram til å samarbeide med Pompeo

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) gratulerer Mike Pompeo med nominasjonen som ny utanriksminister i USA.
utenriks

– Han er ein erfaren og respektert politikar. Eg møtte han da han besøkte Noreg som kongressmann i 2016, og ser fram til å samarbeide med han, seier Søreide til NTB.

– Eg vil òg takke Rex Tillerson for utmerkt samarbeid i hans periode som utanriksminister, seier Søreide, som ikkje vil kommentere ytterlegare at president Donald Trump tysdag gav Tillerson sparken.

(©NPK)