Tillerson: USA må svare på Russlands oppførsel

Rex Tillerson sa at USA må gjere meir for å svare på det han ser som problematisk oppførsel frå Russland, da han tok farvel med utanriksministerjobben.
utenriks

På ein pressekonferanse tysdag, få timar etter at president Donald Trump gav han sparken, sa Tillerson at det er viktig med ein smidig overgang til den neste utanriksministeren.

Han opplyste òg at embetsperioden hans varer fram til 31. mars, men at han vil delegere alle oppgåvene han har hatt som utanriksminister, innan tysdagen er over.

Dermed er det viseutanriksminister John Sullivan som får oppgåva med å leie utanriksdepartementet fram til Kongressen har godkjent Tillersons etterfølgjar Mike Pompeo.

– Eg er stolt av den tida eg har vore med på å tene mitt land, sa Tillerson, som òg roste staben sin og bad dei tilsette i departementet om å halde fram og fokusere på arbeidet.

Tillerson sa at USA må arbeide for å svare på Russlands «problematiske oppførsel». Samtidig nemnde han Korea-konflikten og slo fast at USAs press mot Nord-Korea har vore meir vellykka enn venta.

Tillerson fekk vite at han hadde fått sparken i ei Twitter-melding frå Trump. Han har hamna på kollisjonskurs med Trump i fleire spørsmål, og Trump grunngav avskjeden med «kjemi».

(©NPK)