Italienske populistar vurderte å skrota eurosamarbeidet

Femstjernersrørsla og Ligaen, dei to populistiske partia som prøver å danna ny regjering i Italia, har vurdert å trekkja landet ut av eurosamarbeidet.
utenriks

Å tre ut av eurosamarbeidet og behalda eigen nasjonal valuta i staden, reforhandla EU-avtalar og få Den europeiske sentralbanken til å avskriva 250 milliardar euro på statsgjelda til Italia, er nokre av tiltaka som blir føreslegne i eit utkast til regjeringsavtale mellom Femstjernersrørsla (M5S) og Ligaen.

Utkastet blei publisert av den italienske utgåva av den amerikanske nettavisa Huffington Post tysdag kveld.

I det 39 sider lange dokumentet blir det også føreslege å etablera ein «forsoningskomité» som skal arbeida side ved side med regjeringa, og som skal ha ansvar for å finna løysingar på alle usemje mellom dei to svært ulike partia.

I ein uttale frå dei to partia heiter det at utkastet, som er datert måndag, allereie har blitt «utdatert» og at det har blitt gjenstand for «store endringar» etter den tid.

– Mykje av innhaldet er radikalt endra. Når det gjeld euroen, til dømes, har partia allereie vedteke å ikkje stilla spørsmål ved den europeiske fellesvalutaen. Den publiserte utgåva av dokumentet er difor ikkje i tråd med det noverande utkastet, heiter det i uttalen.

Innhaldet i det publiserte dokumentet førte onsdag til negativ utvikling på Milano-børsen. Der opna marknaden med ein nedgang på 0,75 prosent. Også marknadsrentene utvikla seg negativt.

M5S og Ligaen har enno ikkje blitt samde om ny regjering, to månader etter valet.


(©NPK)