Ung nordmann til topps på Mount Everest

23 år gamle Ole Hovstad frå Singsås i Trøndelag er no den yngste nordmannen som nokon gong har klatra til topps på det høgste fjellet i verda, Mount Everest.
utenriks

Hovstad var del av ei gruppe på seks fjellklatrarar og sju sherpaer som onsdag gjekk heilt til topps på fjellet, skriv Trønderbladet, som siterer klatreselskapet Ascent Himalayas Facebook-side.

Heime i Noreg sit ein strålande nøgd far, Rolan Hovstad.

– Eg har vore ein tur på polet og kjøpt champagne. Vi skal nok feira litt i kveld, seier han.

Ruta opp til toppen av det berømte fjellet blei opna tidlegare denne veka, og gode vêrtilhøve har nærmast ført til «kø» opp langs fjellsida. Totalt skal over 340 klatrarar saman med lokale guidar prøva å nå toppen denne månaden, ifølgje nyheitsbyrået AP.

Onsdag blei det også sett ein annan svimlande Mount Everest-rekord. Den svært erfarne sherpaen Kami Rita nådde toppen for 22. gang, og er dermed den personen som har klart bragda flest gonger.

Mount Everest er 8848 meter høgt og ligg på grensa mellom Nepal og Kina.

(©NPK)