FN-topp krev gransking etter Gaza-massakren

FNs høgkommissær Zeid Ra'ad Al Hussein seier fredag at det er lite som tyder på at Israel har prøvd å spara liv i samanstøytane på Gazastripa. 
utenriks

Fredag diskuterte FNs menneskerettsråd situasjonen på Gazastripa. Måndag blei 60 uvæpna demonstrantar drepne av israelske soldatar.

FNs høgkommissær for menneskerettar, Zeid Ra'ad Al Hussein, uttalte fredag at Israels bruk av makt synest å vera gjennomgåande uproporsjonal i forhold til trusselen demonstrantane utgjer. Høgkommissæren peikte på at det er lite som tyder på at Israel har prøvd å minimera talet på drepne, og han støttar kravet om ei internasjonal gransking av massakren.

– Demonstrantane åleine ser ikkje ut til å utgjera ein trussel som kan rettferdiggjera bruken til Israel av dødeleg makt, sa Al Hussein.

Over ein periode på seks veker har samanstøytane på Gazastripa kravd over hundre liv. I etterkant av massakren har FN, EU og ei rekkje andre land, kravd ei uavhengig gransking. Førebels har dette kravet blitt stoppa av USA.

(©NPK)