Femstjernersrørsla og Ligaen samde om grunnlag for ny regjering i Italia

M5S og Ligaen i Italia er samde om ei regjeringsplattform. Dermed har landet rykt nærmare ei populist-regjering som kan hamna i økonomisk konflikt med EU.
utenriks

– I dag har vi endeleg fått på plass alle delane av kontrakten om ei ny regjering for forandring. Eg er svært glad, skreiv De Maio på nettsida til Femstjernersrørsla (M5S) fredag.

I regjeringsplattforma blir det teke til orde for å auka det italienske budsjettunderskotet – noko som truleg vil vera i strid med reglane til EU. Partia ønskjer også å oppheva sanksjonane mot Russland og internera ulovlege innvandrarar.

Dei skriv likevel ikkje at dei ønskjer å ta Italia ut av eurosona, noko dei tidlegare har vurdert. Dette kunne ha utløyst ei ny finanskrise i EU.

Valet i Italia blei halde for over to månader sidan, og det har vore svært vanskeleg å finna eit parlamentarisk grunnlag for ei ny regjering.

Sjølv om leiinga i populistiske M5S og den høgrepopulistiske Ligaen har blitt samde, er partane enno ikkje i mål. Først må den nye regjeringsplanen godkjennast av M5S-medlemmene i ei nettbasert avstemming fredag, skriv nyheitsbyrået DPA.

Ligaen er venta å leggja avtalen fram for ei uformell avstemming i helga.

Ifølgje nyheitsbyrået Reuters har partia enno ikkje offentleggjort kven dei ønskjer som statsminister. I tillegg må den nye regjeringa godkjennast av president Sergio Mattarella.