WHO: Høg risiko for at ebolautbrotet i Kongo spreier seg

Verdshelseorganisasjonen (WHO) meiner det er høg risiko for at det dødelege ebolautbrotet i Kongo spreier seg utover landegrensene. 
utenriks

Fredag morgon varsla Verdshelseorganisasjonen (WHO) at dei vurderer å erklæra ebolautbrotet i Kongo for ei internasjonal krise.

Kongolesiske styresmakter erklærte offisielt at landet er ramma av eit ebolautbrot 8. mai. Fredag fortel WHO at ein reknar med at 45 menneske har blitt smitta av viruset, og 25 av desse er døde. Utbrotet blei først registrert i provinsen Equateur nordvest i landet, og viruset har no spreidd seg til provinshovudstaden Mbandaka.

Mbandaka er ein by med mellom 700.000 og 1,2 millionar innbyggjarar. Leiar for WHOs nødrespons, Peter Salama, opplyser at spreiinga til byområde gjer det vanskeleg å identifisera og isolera menneske ramma av viruset. WHO fryktar at risikoen for at viruset spreier seg ytterlegare nasjonalt er svært høg, og dei meiner også det er høg risiko for at sjukdommen spreier seg til naboland.

Ebola er ein livstrugande sjukdom som rammar alle organ i kroppen, og som blokkerer evna kroppen har til å stoppa blødingar. Den påviste varianten av viruset som no rammar Kongo, er den same som ramma tre vestafrikanske land i perioden 2013 til 2015. Den gongen miste over 11.300 menneske livet.

(©NPK)