Makedonias president avviser avtale om nytt namn på landet

Makedonias president Gjorge Ivanov seier han ikkje kjem til å skrive under på avtalen som er inngått med Hellas om å endre namnet på landet til Nord-Makedonia.
utenriks

Presidenten omtaler avtalen som vart inngått tysdag som «skadeleg».

– Namnesemja er ein personleg avtale mellom statsminister Zoran Zaev og utanriksminister Nikola Dimitrov, sa Ivanov onsdag.

– Denne avtalen er uakseptabel og eg vil ikkje tillate at han blir legalisert. Eg kjem ikkje til å skrive under på avtalen med Hellas, sa presidenten vidare.

Tysdag kunngjorde Makedonias statsminister Zaev og Hellas' statsminister Alexis Tsipras eit kompromiss for å avslutte ein 27 år gammal namnestrid om kva det vesle Balkan-landet skal heite. Makedonias nye namn blir Nord-Makedonia, sa dei.

Ivanov seier han vil stogge avtalen.

– Mi avgjerd er endeleg, seier presidenten.

Zaev sa derimot tysdag at avtalen som han inngjekk med Hellas, har som vilkår at det skal haldast folkeavstemming i Makedonia over det nye namnet. Dessutan må avtalen ratifiserast i nasjonalforsamlinga.

Deretter er det Hellas sin tur til å ratifisere det nye namnet på nabolandet og dermed tillate at Makedonia blir medlem i Nato og at landet kan innleie prosessen med å bli EU-medlem. Hellas har ikkje villa godta at nabolandet kallar seg Makedonia fordi Hellas har ein region med same namn.

Etter Jugoslavias samanbrot på 1990-talet fekk Makedonia det offisielle namnet Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia (FYROM).

(©NPK)