OPCW: Klorgass brukt i sjukehusangrep i Syria

Sarin og klorgass vart med stort sannsyn brukt i to angrep mot ein landsby i det sentrale Syria i mars 2017, bekreftar OPCWs etterforskingsteam.
utenriks

Det trulege angrepet med nervegassen sarin skjedde sør i Lataminah i provinsen Hama 24. mars, opplyser Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen (OPCW) onsdag. Dagen etter vart klorgass høgst sannsynleg bruk i eit angrep ved Lataminah-sjukehuset og området rundt.

OPCWs granskarar har ikkje mandat til å seie kven som stod bak dei kjemiske angrepa. Konklusjonen onsdag er basert på vitnesbyrd og analysar av prøver.

Human Rights Watch skreiv i ein rapport i mai i fjor at tre menneske vart drepne og 32 såra i eit klorgassangrep utført frå eit helikopter mot sjukehuset i Lataminah 25. mars i fjor.

OPCW har tidlegare konkludert med at sarin vart brukt i Lataminah også 30. mars 2017.

Fem dagar seinare vart rundt 100 menneske drepne i det som truleg var eit saringassangrep i Khan Sheikhoun i provinsen Idlib. FN og OPCW slo i ein felles gransking fast at Bashar al-Assads regime var ansvarleg for dette angrepet.

(©NPK)