Volkswagen pålagt ny milliardbot for dieseljuks

Den tyske bilgiganten Volkswagen har godtatt å betale ei bot på over 9 milliardar kroner i Tyskland i samband med dieselskandalen.
utenriks

– Volkswagen aksepterer bota og erkjenner dermed ansvaret sitt, uttaler selskapet onsdag.

Det er statsadvokaten i Braunschweig som har pålagt Volkswagen bota.

I USA har selskapet gått med på å betale titals milliardar i bøter i samband med utsleppsskandalen.

Volkswagen innrømde i 2015 å ha utrusta bilane sine med ei spesiell programvare laga for å lure utsleppstestar. Det var amerikanske myndigheiter som oppdaga programvara, som er plassert i bilane for å pynte på miljøskadelege utslepp frå dieselmotorar.

Sidan er det avdekt at ei rekke andre bilprodusentar har brukt same programvare.

(©NPK)