– USA innstiller store militærøvingar ved Koreahalvøya på ubestemt tid

USA innstiller store militærøvingar i farvatna ved Koreahalvøya på ubestemt tid, opplyser ein høgt rangert amerikansk tenestemann.
utenriks

Det er berre to dagar sidan president Donald Trump overraska alle ved å kunngjera at det skal bli slutt på dei store fellesøvingane som USA og Sør-Korea held kvart år. Grunngjevina til Trump var ar øvingane er blitt ekstremt dyre og at det difor er store pengar å spara.

– No har store militærøvingar blitt innstilte på ubestemt tid, opplyser den ikkje namngjevne tenestemannen til AFP.

(©NPK)