Argentina vedtek sjølvbestemt abort

Underhuset i den argentinske nasjonalforsamlinga vedtok torsdag sjølvbestemt abort innan 14. veke. Lovforslaget blir no sendt til overhuset.
utenriks

Abortstriden har utløyst eit veldig engasjement i Argentina, heimlandet til pave Frans. Avstemminga i underhuset var nervepirrande, og resultatet blei til slutt 129 mot 123 stemmer.

Tilhengjarar og motstandarar følgde debatten på store skjermar utanfor Kongressen. I dag er det berre tillate med abort ved valdtekt og ved fare for livet til mor. Den katolske kyrkja er sterkt mot nyordninga som no går til overhuset.

Presidenten i Argentina, Mauricio Macri, har gjort det klart at han vil underteikna lovforslaget viss det blir vedteke.

(©NPK)