EU fasar ut palmeolje som drivstoff

EU fasar ut palmeolje som drivstoff innan 2030. Det er ikkje ambisiøst nok, ifølgje Regnskogfondet.
utenriks

– Det er bra at EU har forstått at palmeolje er ueigna som drivstoff, men det er heilt uakseptabelt at dei ventar i 12 år med å fasa det ut, seier Nils Hermann Ranum i Regnskogfondet i ei pressemelding.

Der står det at palmeoljeindustrien kan øydeleggja mykje regnskog dei neste 12 åra, og at Regnskogfondet etterlyser strakstiltak frå Noreg. Organisasjonen oppgjev at bruk av palmeoljediesel i Noreg førte til at 220 kvadratkilometer regnskog blei øydelagt.

– Vi kan ikkje la norske bilar halda fram å øydeleggja regnskogen i 12 år til, seier Ranum.

Meir ambisiøst fornybarmål

Nyheita om utfasinga kjem samtidig som EU sette seg eit meir ambisiøst mål for bruk av fornybar energi. Målet om ein del på 27 prosent blir skjerpa til 32 prosent.


«Fornybart er bra for Europa, og no er Europa bra på fornybart», skriv EUs klimakommissær Miguel Arias Cañete på Twitter om det endra fornybardirektivet.

Miljøstiftinga Zero meiner ambisjonsauken er gledeleg, og trur at han vil føra til store investeringar i fornybar energi. Zero spår store utsleppskutt i åra framover.


– Dette betyr at mykje kol, gass og olje ikkje skal brennast, så dette er ein sørgjeleg dag for oljebransjen, seier Einar Wilhelmsen, fagansvarleg i Miljøstiftelsen ZERO.

– Endeleg går politikarane føre og løftar ambisjonsnivået i klimapolitikken, og det kan føra til store moglegheiter for norske fornybarløysingar som havvind, legg Wilhelmsen til.

Saknar hastverk

Miljøorganisasjonen Climate Action Network (CAN) er ikkje like imponert.

– Det trengst mykje høgare ambisjonar for å gjera det som krevst for å nå måla i Parisavtalen. Mangelen på hastverk i innsatsen for å unngå katastrofale klimaendringar er urovekkjande, seier Wendel Trio, direktør ved CANs europakontor.

Semja i EU torsdag kom på plass i sluttforhandlingar bak lukka dører natt til torsdag mellom EU-kommisjonen, EU-parlamentet og EUs ministerråd. Ho må formelt godkjennast i EU-parlamentet og ministerrådet før ho er heilt spikra.

EU er også i sluttforhandlingar om eit oppjustert mål for energisparing, men her går samtalane framleis føre seg.


(©NPK)