FN vil ha gransking av uro i Kashmir

FNs høgkommissær for menneskerettar ber om ei uavhengig gransking av drapa på sivile i den omstridde Kashmir-regionen.
utenriks

Zeid Ra'ad al-Hussein seier at både India og Pakistan har skuld i at sivile liv er gått tapt. I ein 49-siders rapport konstaterer han at overgrepa frå sikkerheitsstyrkane mot sivile jamt over skjer utan at nokon blir straffeforfølgde.

Rapporten er blitt skriven utan at inspektørane til kommissæren har besøkt området, ettersom både India og Pakistan nekta FN-representantar tilgjenge.

145 sivile vart ifølgje rapporten drepne av sikkerheitsstyrkar mellom juli 2016 og mars i år, og ytterlegare 20 vart drepne av ulike væpna grupper.

Zeid seier at han vil be FNs menneskerettsråd, som kjem saman måndag, om å granske dei mange meldingane om overgrep i regionen.

India og Pakistan gjer begge krav på Kashmir og har utkjempa to krigar om området sidan 1947.

(©NPK)