Hydro-sjefen kalla inn til høyring i Brasil om utslepp frå Alunorte

Konsernsjef i Norsk Hydro Svein Richard Brandtzæg blir kalla inn til høyring i parlamentet i den brasilianske delstaten Pará, ifølgje TV-kanalen Globo.
utenriks

– Vi har ingen kommentar til dette utover at vi er kjende med informasjonen, seier assisterande kommunikasjonsdirektør Erik Brynhildsbakken i Hydro til E24.

Ifølgje E24 kjenner ikkje kommunikasjonsdirektøren i Hydro til nokon formell førespurnad om høyringa. Tysdag blei det klart at ein domstol i Brasil har avvist anken frå Norsk Hydro om å få setja i gang med full produksjon på nytt ved Alunorte-anlegget, skriv E24 som siterer brasilianske media.

Drifta ved Norsk Hydros alumina-anlegget Alunorte til Norsk Hydro i Brasil har gått for halv maskin etter eit ekstremt regnvêr i februar – etter pålegg frå brasilianske styresmakter.

Regnvêret førte til at drikkevatnet blei forureina, og styresmaktene meiner at kjelda var Alunorte-anlegget. Dette trass i at ei intern og ei ekstern gransking har konkludert med at det «ikke er indikasjoner på at Alunorte har forurenset lokalsamfunn eller hatt varig innvirkning på miljøet i elvene i nærheten etter det kraftige regnværet».

Tidlegare i år har Hydro fremja eit forslag overfor brasilianske styresmakter for å løysa krisa knytt til Alunorte-anlegget. Forslaget skal innehalda tiltak mot lokalsamfunnet og grep for å garantera for tryggleiken ved raudslamdeponiet som høyrer til Hydro-anlegget, ifølgje E24.

Alumina er råstoff for produksjon av aluminium, og avfallet – raudslam – blir lagra i to deponi på anlegget.