Israelsk kvinne sikta for IS-rekruttering i USA

Amerikansk politi har arrestert ei israelsk kvinne som skal ha rekruttert IS-krigarar via sosiale medium og lært dei å laga bomber og gift.
utenriks

45 år gamle Waheba Issa Daisble blei arrestert i Cudahy i Wisconsin onsdag. Ifølgje det amerikanske justisdepartementet er ho israelsk statsborgar, men har budd i USA sidan 1992.

Daisble skal via sosiale medium ha drive rekruttering for den ytterleggåande islamistgruppa IS, og ho har også lagt ut instruksjonar for korleis ein lager bomber, bombevestar, kjemiske og biologiske våpen.

Nokre av kontoane ho nytta, har ho ifølgje siktinga kapra frå andre for å skjula kven som stod bak.

– Ho hadde bygd opp eit digitalt bibliotek med instruksjonar for korleis ein kan laga bomber, biologiske våpen, gift og sjølvmordsvestar, heiter det vidare i siktinga.

Daisble skal ha blitt avslørt då ho prøvde å læra ein informant for styresmaktene korleis han kunne produsera den dødelege gifta ricin, for å forgifta drikkevasskjelder eller regjeringsmål.

Ho føreslo også bombemål, mellom anna gatefestivalar og andre sommarlege aktivitetar.

(©NPK)