Kjelder: EU vedtek straffetoll mot USA

Medlemslanda i EU har samrøystes vedteke å innføra gjengjeldingstoll mot USA som svar på tollen til USA på europeisk stål og aluminium.
utenriks

Tollen som EU-landa stiller seg bak, vil vera på 25 prosent og blir retta mot utvalde amerikanske produkt. Tollen vil ramma amerikansk eksport til ein verdi på 2,8 milliardar euro, ifølgje kjelder.

Vedtaket er enno ikkje offentleg kunngjort.

(©NPK)