Mann sikta for å ha smitta 200 personar med hiv

Ein hivsmitta mann er arrestert i Italia og sikta for med vilje å ha smitta over 200 sexpartnarar med viruset, opplyser italiensk politi.
utenriks

Politiet opplyser torsdag at mannen blei arrestert tysdag i byen Ancona i Italia.

Trass i at den 35 år gamle mannen fekk hiv-diagnose for over elleve år sidan, så tok han ingen atterhald. Han fortalde heller ikkje sexpartnarane sine at han var hiv-positiv, opplyser ein polititalsmann.

Under arrestasjonen skal mannen ha erklærte seg som ein fornektar av hiv-viruset, som kan utvikla seg til sjukdommen aids.

Politiet i Ancona opplyste på ein pressekonferanse torsdag at mannen fann sexpartnarane sine på dating-sider på internett.

(©NPK)