New York saksøkjer Trump Foundation for misbruk av pengar og politisk samrøre

Delstaten New York saksøkjer president Donald Trump, sønene og dottera hans for misbruk av midlar og politisk samrøre mellom Trump Foundation og valkampen.
utenriks

Søksmålet skuldar Trump Foundation for «omfattande ulovleg koordinering med Trumps presidentvalkamp, pengeoverføringar gjort med overlegg gong på gong til fordel for Trumps personlege og forretningsmessige interesser, og brot på grunnleggjande juridiske krav som blir stilt til idealistiske stiftingar».

Delstaten skuldar Trump, sønene og dottera hans for etter det som er sagt «vedvarande ulovleg åtferd» i stiftinga i meir enn ti år.

Delstaten krev at 2,8 millionar dollar blir betalt tilbake og at stiftinga blir stengd. Delstaten krev også at Trump blir pålagt eit ti år langt forbod mot å sitja i styret til alle ideelle organisasjonar i delstaten.

Presidenten var raskt ute med tilsvar på Twitter. «Latterleg», er vurderinga hans av søksmålet.

(©NPK)