Rolls-Royce kuttar 4.600 jobbar

Den britiske motorprodusenten Rolls-Royce skal kvitte seg med 4.600 tilsette.
utenriks

Selskapet opplyser at nedskjeringane er ein del av omorganiseringsarbeidet hos flymotorprodusenten. Nedbemanningane skal gjennomførast innan 2020.

Dei siste åra har Rolls-Royce hatt utfordringar på grunn av låg etterspørsel etter flymotorane til selskapet og andre produkt. Fleire tusen tilsette har mista jobbane også i tidlegare nedbemanningsrundar.

55.000 menneske jobbar i Rolls-Royce på verdsbasis, 22.000 av desse i Storbritannia.

I Noreg har det vore uvisse rundt 1.600 arbeidsplassar i Ålesund og Ulsteinvik fordi selskapet har vurdert å selje mesteparten av den maritime verksemda. Selskapet opplyser at kuttet som vart offentleggjort torsdag, ikkje påverkar verksemda til Rolls-Royce Marine AS i Noreg.

(©NPK)