To arresterte i Frankrike for terrorplanlegging

Fransk politi har arrestert to personar som er sikta for å ha planlagt terrorhandlingar, opplyser franske etterforskingskjelder.
utenriks

Dei to personane er begge i 20-åra, og dei blei arresterte laurdag, opplyser kjelder tett på etterforskinga torsdag. Det er ikkje offentleggjort detaljar om kva slags terrorplanar det er snakk om.

Dei to personane er varetektsfengsla mens etterforskinga går føre seg.

Dei to skal ifølgje radiokanalen Europe1 ha hatt tilknyting til IS, og under arrestasjonen i regionen Seine-et-Marne utanfor Paris fann politiet skytevåpen og knivar.

(©NPK)