Tunisiar mistenkt for å ha laga giftvåpen i Tyskland

Tysk påtalemakt meiner 29-åringen som oppbevarte det ekstremt giftige stoffet ricin i leilegheita si i Köln, prøvde å lage eit biologiske våpen.
utenriks

– Det er sterk mistanke om at intensjonen hans var å produsere biologiske våpen, heiter det i ei kunngjering frå påtalemakta.

Så langt er det ikkje funnet noko som tyder på at han hadde lagt konkrete planar om eit terrorangrep.

Politi og brannfolk ransaka leilegheita til mannen tysdag kveld. Ekspertar i vernedrakter fjerna giftstoffet frå bustaden.

(©NPK)