Ja til handelsboikott av israelske busetjingar i det irske senatet

Overhuset i den irske nasjonalforsamlinga har sagt ja til eit lovforslag som forbyr handel med israelske busetjingar. Forslaget skal no behandlast i underhuset.
utenriks

Dersom lova trer i kraft, vil ho forby sal og import av produkt produsert i israelske busetjingar på den okkuperte Vestbreidda. Irland vil i så fall bli det første europeiske landet som innfører eit slikt forbod.

Lovforslaget, som blei fremja av eit uavhengig senatsmedlem, gjekk gjennom det irske overhuset med 25 mot 20 stemmer. Det fekk støtte frå alle dei store irske partia, med unntak av regjeringspartiet Fine Gael.

Behandlinga i det irske underhuset er venta å ta månadsvis. Den irske regjeringa er kraftig mot tiltaket, og meiner at EU heller burde svara på dei israelske busetjingane i fellesskap.

Det israelske utanriksdepartementet kritiserer i ei fråsegn det irske overhuset kraftig, og kallar lovforslaget eit «populistisk, farleg og ekstremistisk antiisraelsk boikottinitiativ».

(©NPK)